Skip to content

”M/s Uddevalla” R-29-M, seinare fritidsfartøyet «Margit»
”M/s Uddevalla” vart ført i fartøyregisteret 06/10 1920. Eigarar var Truls Hodne, Peder Hodne, Severin Bru og Lars I. Bru alle med adresse Bru. ”M/s Uddevalla” var bygd i Uddevalla i Sverige i 1907. Byggemateriale var jern. Dette var uvanleg etter som mest alle andre Svensk innkjøpte fartøy var av materialet tre. Motoren var ein 16 hk ”Lysekil bygd i 1907. Skøyta var 45’ lang, 15’ brei og 7’ djup. Brutto drektigheit var 17 tonn. Farkosten vart bruka til brislingfiske, fjordfiske og som lossement(bufartøy) under vårsildfiske. Skøyta vart seld til Åkra og stroken or fartøyregisteret for Mosterøy 06/06 1925. Der fekk den fiskerinummer R-148-A og var eigd av Hans Hansen i Åkrehamn. I 1929 vart det installert ein ny 29 hk Rapp motor. Den vart seld til Sjernarøy 20/01 1930 og fekk fiskerinummer R-18-SØ. Der var den i eige av Ole Landsnes, Helgøysund. Der vart den nytta til brislingfiske. Den 22/11 1948 vart skøyta seld til Jon Gregersen i Vedavågen. Fartøyet er ikkje å finne i fiskeriregisteret for Åkra. Tida vidare for fartøyet er noko uklar.

Men dette fartøyet skal seinare være bygd om til tankfartøy for fart i hamna i Stavanger. Og høyrt til ein Hellevig som dreiv med oljebunkringsanlegg der. Han skal ha hatt fartøyet i bruk på 60-talet som tankfartøy med namn som begynner på BP med eit ukjent nummer etterpå. Seinare skal det fartøyret komme til Bergen, og deretter til Harstad. Den vart registrert i skipsregisteret 12/10 1973 og fekk namnet «Polaroil». Den fekk kjenningssignal LM4859. Og vart målt til 20,54 brutto og 8,77 netto tonn. Den skal også ha hatt namnet «Stigtank», om det var før den kom til Harstad eller etter er uklart. I 1989 vart skøyta seld til Henry Fredrik Pettersen og Paul Arne Pettersen i Hol i Tjeldsund i Lødingen i Nordland. Dei bygde den om til fritidsfiske og som fritidsfartøy. Namnet på skøyta vart endre til «Margit». Eit på år var den med på Lofotfiske. Dei pussa skøyta opp som ein med Nåværende maskin 30 hk union blei montert ny i Bergen i 1957.  Terje Bergsalge kjøpte Margit i januar 2017.

Kilde: Terje Bergsagel

baten-margit-1
baten-margit-2
baten-margit-3
Back To Top